Kva nettselskapa prøver seg på å forlange av deg som kunde i samband med fritak for AMS.



  • Har etter 9 månaders mailkorrespondanse med BKK Nett, første mail frå meg om fritak frå AMS med henvisning til følgande: " I AMS forskrifta sitt kap. 4 §4-1 står det at nettselskapa ikkje har plikt til å installerer slike målarar dersom forbruket er lavt og jamnt/enkelt kan foutsjåast. Det er tilfelle i mitt hus og eg reservere meg difor mot skifte til AMS målar. ",
    har dei, etter 8 månader med ingen kommunikasjon, den 20.07.2018 kome til at eg må oppfylle viss vilkår inne i mitt hus: "Vi forutsetter også at den som søker om fritak er kunde hos BKK Nett og har innrettet sin bolig med tiltak for å beskytte seg mot andre strålingskilder.
    Dersom disse forutsetningene er på plass, vil vi kunne vurdere alternative løsninger."

    Eg ser på dette som at dei går langt utanfor sine heimlar og at det er eit grovt forsøk på å trakke over i mi privatsone. Dei har også fått eit svar der eg gjer dette klart.
    No er eg spent på kva dei prøver seg på i neste omgong. Det ser ut til at det blir gjort mange forsøk på skremslar og truslar, der dei vil skremme folk til å godta denne installasjonen.

    Har ei klar oppfordring: Koble inn datatilsynet, Forbrukarombod og eventuelt andre instansar, som er sett til å verne om privatlivet til oss forbrukarar, og ikkje la dykk skremme.


 

Formål og retningslinjer

Detaljert beskrivelse kommer her...